Kartografi: NVE

Oppdaterte skredkart

Betre oversikt over skredfare i kommunane Kvam og Fusa

Kommunane Kvam og Fusa i Hordaland får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare. Faresonekarta syner at det er steinsprang som er den mest dominerande skredtypen. NVE overleverte karta til kommunane tysdag 9. mai 2017.

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Det er kartlagd utvalde område i kommunane Kvam og Fusa.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Kvam og Fusa. Faresonekarta syner at det ligg skredutsatte bustadar i desse områda, fortel Siss-May Edvardsen, sjefingeniør NVE.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ei felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forhalde seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er skredutsatt.

– Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, og for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Edvardsen.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Rapporten finn du her.


geo365 Nyhetsbrev



0 Comments