Raudberget

by Janka Rom

Mitt geofunn må liggja ein stad i fjella, og mitt val er Raudberget i Stølsheimen. Eg opplevde fjellet for fyrste gong i 1998 då me nytta nokre dagar av sumarferien til å gå frå Vikafjellet og sørover mot Voss. Inntrykket av denne geologiske lokaliteten er framleis med meg.

Geologisk forklaring av lokaliteten

Raudberget skil seg ut frå omgjevnadane med si karakteristiske raude farge og majestetiske framtoning i terrenget, ogdet er eit markant landemerke i den austlege delen av Stølsheimen. Fjellet står opp som ein plugg i fyllitten den er omgjeven av. Me var heldige å telta ved Raudberget i lav kveldssol, og fjellet såg ut som det gløder med si raudbrune farge.

Fjellet består av ein ultramafisk bergart, i hovudsak ein antigorittisk serpentinitt. Raudberget vart danna då magma frå det indre av jorda størkna på eller nær overflata. Serpentinitt er ein bergart med eit høgt innhald av magnesium og jern, og vanlege mineral er olivin og pyroksen. Dette er ustabile mineral som under lavt trykk og temperatur og med tilgang på vatn vert gradvis omdanna til andre mineral som serpentin og vidare i omdanninga til talk.

Den raudbrune fargen på fjellet kjem av forvitring når bergarten er i kontakt med luft og vatn, og er med på å gje Raudberget namnet. Forvitringslaget kan vera opptil ein cm tjukt. Tek ein eit slag med hammaren vil ein i friskt brot sjå den opprinnlege grønfargen i bergarten. Serpentinitten har ei vakker mellomgrøn til mørkgrøn farge. Krystallforma er fibrig og lamellær og strålar ut i alle retningar, og overflata på krystallane er feittaktig.

Rett sør for Raudberget er bergarten meir omdanna og her finn ein kleberstein. Her er det eit gamalt grytebrudd, kalla Gryteberget, og enno er det store groper i grunnen der gryter vart henta ut i tidlegare tider. Det er også talkforekomst ved Raudberget som har vore grundig undersøkt for økonomisk utvinning. Sidan 1984 er det utført meir enn 9000 m med prøveboringar. I 1990 vart det starta prøvedrift på talkforekomsten, men drifta vart lagt ned i 2002. Geologiske undersøkingar i områda i Stølsheimen har påvist store mineralførekomstar, men det er uvisse ved kvaliteten på årene.

Frå toppen av Raudberget, som ligg 1143 meter over havet, er det flott utsikt i alle retningar. I nordøst kan ein sjå Fresvikbreen, i nord Jostedalsbreen og i sør ser du profila til Kvitanosi og Lønahorgi på Voss, som var målet for turen vår. Med tung oppakning og flotte stuffar me ville ha med heim, måtte noko vekt vike. Dersom nokon finn ein geologhammar gøymt under ein stor stein på sørsida av Raudberget, ver gild å ta den med til meg. Eg fant den ikkje sist eg leita.

Turbeskrivelse

Med bil eller buss frå Vik eller Voss via Rv13 Vikafjellet. Ta av mot vest ved Skjelingen, fylgje anleggsveg (bompengar) mot Kvilesteinsvatnet. Det er sjølvsagt også mogleg å koma til Raudberget til fots på merka stiar både frå nord og sørvest.

Lenker

NGU, Forekomst nr.301 i Vik (1417) kommune

http://ut.no/tur/2.1317/