Naturens eigne kunstverk

Det er på tide på tide at vi startar å ta vare på mineralar før dei blir til pukk under eit vegdekke.

Nasjonal Transportplan for norske riksvegar fører til det mest omfattande sprengjingsarbeidet vi nokon gong har hatt i landet vårt. Frå E18 på Sørlandet til E6 nordover Nordland jamnar ulike entreprenørar grunnen for opp til 4 filer gjennom låge og høge skjeringar og tunellar, lagar rasteplassar og avkøyringar og arronderar terrenget. Ikkje berre hovudvegane nyt godt av dette programmet, men også lokal- og turist-vegar blir rusta opp over alt.

Bergartane i landet vårt er gamle og nedslitne, berre dei seige og harde restane etter Den kaledonske fjellkjede står opp i lendet. I dei sedimentære avsetningane frå kambrium til silur er fossila ofte øydelagde i foldefasen, desto viktigare er det derfor å ta vare på dei som har overlevd.

Men overskyvningane, nedpressinga og omdannings-perioden førde også til ei omfattande opp-sprekking der nye mineral vart danna og krystalliserte i sprekkar og druser. Gode geologiske kart syner oss bergartsgrenser og oppsprekkingsmønster slik at vi i stor grad kan føreseia kor desse spennande krystallane kan finnast.

Desse krystalliserte mineraltuffane er naturens eigne kunstverk, danna for hundrevis av millionar år sia. Dei fortel historia om temperatur og trykk, om dei mange grunnstoff i fjellet, om hydrotermale væsker og andre vilkår, om korleis landet vårt eigentleg vart til.

Og fyrst og fremst er dei blomar i stein, naturens eigne kunstverk forma etter Universets evige lover.

Ved større anlegg blir i enkelte land blir slike prøver tekne vare på av spesialistar og stilde ut i museum. I vårt land går dei i knusaren saman med grå bergartar og blir til pukk under vegdekke for stadig travlare menneske opptekne av fart og bompengar.

Det er freistande å samanlikne med kulturhistoriske funn -etter menneskets verksemd. Dukkar bålplassar frå Steinalderen opp eller jernvinner frå Mellomalderen, da blir framdrifta stoppa og arkeologar sette inn til alt er registrert og teke vare på.

Er det ikkje snart på tide at vi startar å ta vare på også restar og avtrykk av frå tidlegare fasar av Livets utvikling ? Bør ikkje også vi i steinlandet Noreg syne vørdnad for Naturens eigne blomar og ta vare på dei for framtidas leikande barn?

Vi treng ikkje å utdanne og setja inn ein hær av paleontologar og mineralogar. Samlarane er alt her men får ikkje lov å sleppe til.

Amatørsamlarane er spreidde over heile landet, men mest der dei alt har kunna plukke vakre krystallar før. Mange av dei er kunnskapsrike og ivrige, dei vil gjerne dele det dei finn med lokale museum eller Naturhistorisk Museum i Oslo. Dei må berre organiserast av Nasjonal-museet, gjerne i samarbeid med NAGS- Norges Amatørgeologers Sammenslutning og entreprenørane som driv det omfattande sprengjingsarbeidet. Klåre reglast må arbeidast ut, samlarane må få identifikasjonspapir, verneklede og opplæring, og dei må få klåre beskjedar om kor dei kan gå og når.

Få land har så mange vakre krystallstuffar som Noreg, ikkje i noko anna land i Europa går så mange kunstverk i Knusaren som her.

TORGEIR T. GARMO

Dagleg leiar i Fossheim Steinsenter og forfattar av Norsk Mineralbok

Det viktigste fra de siste dagene

Olje eller sex?

Det endelige premisset

Problematiserer ny gruvedrift


geo365 Nyhetsbrev

* = required field

0 Comments